Houz logo

Tonning og Stryn

Histori starta i 1939, då Stryn Møbelindustri AS vart grunnlagd. Nokre få år seinare, i 1946, starta Tonning Møbelfabrikk AS si verksemd. Slik vart Stryn ei viktig møbelbygd og dei vart sparringspartnarar fram mot ein genuin nordfjordsk møbelidentitet. I 2013 slo dei seg saman. No skal dei bringe arvendeira vidare. Dei likar å seie at historia starta med trevirket, heilt frå si spede spire i skogen. Den held fram ved at menneska sit i, tek på, kviler i eller nyt eit måltid ved eit ferdig møbel. Ei historie som i begge endar er tidlaus. For det er nemleg tre dei arbeider med. Flammebjørk og eik, solide og velkjende råmaterialar med eigenskapar det tek tid og kunnskap å kjenne. Det arbeider berre handverkarar med djup interesse for trevirke, dei veit korleis det ter seg og på kva måte ein best kan bearbeide det. I samarbeid med Noregs beste møbeldesignarar startar det som best kan beskrivast som ein samtale mellom formgjevar og trevirke. Kvar for seg ønsker dei å fortelle noko. Slik vert det møblar med varig verdi av.

Få 5% rabatt på din første bestilling!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og motta siste nytt, eksklusive tilbud og fortrinn på salg. Når du har meldt deg på mottar du automatisk en rabattkode. NB! Gjelder ikke allerede nedsatte varer, gavekort eller i butikken.